Indeksnivået for industriproduksjonen i 1. kvartal 2024 var på 101,7 (2021=100) mot 100,4 i førre kvartal. Trenden i aktivitetsnivået i industrien viser no ein aukande utvikling (sjå figur 1).

Tremånadarsendring: Auke i bygging av skip og oljeplattformer

For å lette tolkinga av den kortsiktige utviklinga publiserer produksjonsindeksen tremånadars glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Vanlegvis samanliknast dei siste ikkje-overlappande tremånadarsperiodane. Sesongjusterte endringar frå månad til månad må tolkast med varsemd. viser at industriproduksjonen hadde ein auke på 1,3 prosent i 1. kvartal 2024 samanlikna med kvartalet før. Det var særleg bygging av skip og oljeplattformer som bidrog til den samla oppgangen i industriproduksjonen med ein klår auke på 5,0 prosent. Fleire verksemder innanfor næringa melde om høg aktivitet grunna store prosjekt og gode marknadsforhold i perioden. Det var òg auke i næringsmiddelindustrien i denne perioden.

På den anna side hadde oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri eit fall på 3,2 prosent og bidrog såleis til å dempe veksten i industriproduksjonen i 1. kvartal. Det var òg nedgang i næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri i denne perioden.

Samla sett hadde Petroleumsretta leverandørindustri: Analytisk gruppering som dekker dei næringane i industrien som leverer størsteparten av sine varer og tenester til olje- og gassindustrien. ein produksjonsauke på 2,6 prosent i 1. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal, medan industriproduksjonen unntatt leverandørindustrien auka med 1,1 prosent (sjå figur 2).

Månadsendring: høg aktivitet i mars trass påska

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein klår oppgang på 5,4 prosent frå februar til mars 2024. Det var næringsmiddelindustrien som bidrog mest til den samla auken med ein oppgang på 5,1 prosent. Dette kjem særleg av oppgang innan foredling og konservering av fisk og heng saman med god sesongmessig auke og gode marknadsforhold.

I tillegg hadde næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri ein auke på 5,8 prosent. Denne auken heng blant anna saman med at det i februar var ein rekke tilfelle av drifts- og vedlikehaldsstans blant viktige verksemder innanfor næringsgruppa.

- Den sterke oppgangen frå februar til mars skuldast at aktiviteten i mars har vore høgare enn det som normalt er for ein påskemånad. Sesongjusteringa tar høgde for påskens plassering, men det er viktig å være klar over at ein har nokre forutsetningar i forhold til fridagar i modellen, og at dei sesongjusterte tala i mars og april er meir usikre på grunn av påskens plassering frå år til år, seier rådgjevar Lars Jacob Dale.

På den motsette sida blei auken i industrien dempa av lågare aktivitet i produksjonen av ikkje-jarnhaldige metallar i denne perioden.  

Figur 1. Produksjonsutvikling i industrien. Sesongjusterte tal. Tremåneders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Figur 2. Indikator for leverandørindustri. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt.¹ 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Månadsendring: oppgang i industriproduksjon i Eurosona i februar

Estimerte tal frå Eurostat (ec.europa.eu), statistikkontoret i EU, viser at den samla industriproduksjonen i land i Eurosona: Omfattar dei 20 EU-landa som har valt euro som valuta. hadde ein auke på 1,1 prosent frå januar til februar 2024. I same periode gjekk industriproduksjonen i Noreg ned med 1,0 prosent (sjå figur 3).

Sverige hadde ein nedgang på 2,0 prosent i same periode, medan produksjonen i Danmark såg ein vekst på 1,6 prosent.

Figur 3. Produksjonsindeks for industri for eurosona og Noreg (2021=100), sesongjusterte tal

Tremånadarsendring: auke i samla produksjonsindeks

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) hadde ein oppgang på 2,2 prosent i 1. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal, viser sesongjusterte tal. Utvinning av råolje hadde eit fall på 0,6 prosent, medan utvinning av naturgass auka med 1,6 prosent. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i denne perioden, sjå pressemelding frå Sokkeldirektoratet (sodir.no)

Utvinningstenester på si side auka med 0,7 prosent i 1. kvartal 2024 samanlikna med førre kvartal. Bergverksdrift hadde ein nedgang på 3,4 prosent, medan produksjonen i norsk kraftforsyning fall med 1,7 prosent (sjå figur 4).

Figur 4. Produksjonsutvikling. Sesongjusterte tal. Tremånaders glidande gjennomsnitt¹. 2021=100

¹ Indeksverdi for periode m er gjennomsnitt av periode m, m-1 og m-2.

Det er viktig å vere klar over at det er større uvisse enn normalt i dei kalenderjusterte og sesongjusterte indeksane for mars og april grunna ulik plassering av påska frå år til år. Dette verkar òg inn på dei sesongjusterte tala for 1. og 2. kvartal. Rutinen for sesongjustering tek omsyn til påska si plassering, men det kan vere vanskeleg å korrigere for alle effektane av denne høgtida.